Innehaver        : Irene Finne

Alder              : 36

Sivilstatus       : Gift med Dag (datakonsulent)

                         2 born, Eldri og Sjur

 

Innehaver        : Hilde Vethe Styve

Alder              : 34

Sivilstatus       : Gift med Jørn (møbelsnikkar)

                         3 born, Ingrid, Vemund og
                         Synva

 

   

 

 

Me vart fyrst kjent då me begge var heime med små  born og likte å møtast over ein kaffikopp. Begge hadde ei stor interesse for gamle ting og me henta mykje inspirasjon i interiørblad og hjå kvarandre. Etter å ha tråla loppemarked og bruktbutikkar i mange år gjorde me ein dag draumen til verkelegheit. Me starta vår eigen bruktbutikk våren 2001 !!

 

Me fekk leiga eit 200m2 stort lagerlokale midt i Evanger sentrum. Her var murgolv, uisolert og fullt i rot og full innsats måtte til ! Med hjelp av våre to kjekke menn og fleire månaders arbeid, klarte me å laga til ein butikk me var godt fornøgde med. Vareutvalet vårt var alt frå ”hoggorm til geit” og spenninga var stor då me spleiste på vårt første dødsbu.

 

Året etter vart ei gammal sjøbu til salgs i sentrum. Dette var det perfekte hus til vår butikk, rett over gata for våre eigne hus. Me slo til og kjøpte det. Her var det igjen å ”bretta opp armane” og pussa opp, helst etter ungane var lagt om kvelden.

 

Våren 2002 opna me vår nye butikk. No med ein litt meir bevisst stil. Det skulle vera shabby chic, det vil sei gamle møblar med avskalla maling, ting med sjel og rett patina, noko me alltid er på jakt etter når me kjøper inn ting. I tillegg blandar me med heilt nye ting som passar inn i dette konseptet. Me hentar mykje inspirasjon på dei årlege turane våre til Oslo, på gave-og interiørmesse, der me bestiller nye varer. Me malar også møblar om ikkje patinaen er der eller om det er feil farge. Butikken har også utval i ting me lagar sjølve, spesielt brukar me mykje streng og perler i våre kreasjoner.

 

Før jul går me litt av skaftet, det må me ærleg innrømme. Interiørmagasin, og då spesielt dei danske, vert saumfarte og inspirasjonen er på topp! Litt annleis julepynt finn du i vår butikk !

Tre gonger har me hatt stand på Strandamessa, ei julemesse på Vossestrand. Kjekt å stilla ut varer på ein anna måte.

Jula 2004 var me sjølve med og arrangerte messe på Evanger, der mange hadde stand inne på butikken vår. Dette var ein kjekk dag med mykje folk.

 

Våren 2005 fann me ut at me ville nå ut til litt fleire kundar, og me starta difor nettbutikk. Der må prøvast og feilast litt, men alltid spennande å sjå kven som kan ha oppdaga oss på nettet. Me vil prøva å legga ut nye bilder ein gong i månaden, så følg med ! 

 

Med liten erfaring og null i eigenkapital, har me klart å bygga opp ein butikk me er svært stolte av.  Me har mange idear for utvikling av butikken vår, så kven veit kva som skjer i framtida...

 

Second hand, shabby chic, romantisk og nytt. Ei herleg blanding i ein spennande butikk !

Velkomen innom !

Sjå også reportasjen om oss i bladet Lev Landlig frå oktober-06  

 

Irene og Hilde

 

 

Våre leverandørar av nye varer:

House Doctor

Ib Laursen

Image

Hermes Lollypop

Madam Stoltz

Lisbeth Dahl

Hobby Engros

Ad Hoc