Evanger
Butikken vår ligg i sentrum av Evanger, ei lita bygd vest i Voss kommune. Sentrum med sin særmerkte trehusbebyggelse var tidlegare ein travel handelstad, med skreddarar, skomakarar, kafèar, og endåtil hotell. Husene er dei same idag og gjer Evanger til ei perle. Berre kom og sjå !
E 16 går like forbi...


 

 

Evangerlaurdag

Sidan 2001 har det ein laurdag i juni vorte laga til marknadsdag i sentrum av Evanger. Her stiller dei næringsdrivande på Evanger opp, i lag med bygda sine kreative sjeler og i tillegg nokre utanfor bygda. Her vert mellom anna selt spekemat, blomar, lopper, urter, husflidsprodukt, konfekt osv.

 

I tillegg har butikken vår ope. Her er eit yrande folkeliv med musikk og mange aktivitetar i gata.

 

 

Julemarknad

Butikken vår har også alltid ope når det er julemarknad på Evanger.

Denne vert arrangert andre søndag i advent kvart år, same dag som julegrana vert tent. Me ryddar butikken og lagar plass til kreative utstillarar, i tillegg er det utstillarar i heradshuset, kafè og aktivitetar for borna. Det er ekte skomakergatestemning denne dagen, og julestemninga er på topp !

 

 

 




Balkanfest-Evanger
Siste helga i august vert det kvart år arrangert Balkanfest på Evanger, ein særeigen musikk- og kulturfestival midt i Gato ! Fyrste året var i 2008, og det vart ein slik suksess at det var berre å planlegge neste år.

Festivalen i 2009 har mange store navn på plakaten. Det verdskjente
Boban og Marco Marcovic Orkestar kjem endå ein gong til Evanger ( fantastisk ! ) i tillegg til Farmers Market, Nostagija, Erdogan orkestar frå Sverige og Rakija som har Badnabalkan og kyrkjekonsert sundag.
Her vil vera mat frå Balkan og Evanger og ein heilt eksotisk stemning !

Me vil sjølvsagt også halda ope på vår butikk.
Sjå innom nettsida for festivalen www.balkanfest-evanger.com

Dette kan du ikkje gå glipp av....