18.desember 2008
I dag og fredag vil me ha julesalg på
butikken med 20% rabatt på alle varer ! Her er berre å ta turen og finna dei
siste julegåvene. Varer som vert bestilt på nettbutikken desse dagar får
også rabatt.
Etterpå tek me oss ein velfortent juleferie som antageleg varar litt ut på
nyåret.
Ynskjer alle ei GOD JUL og eit GODT NYTTÅR 2009 !!!
04.desember 2008
Hurra ! Nye bilder på nettbutikken, og du rekk
endå og kjøpa noko før jul :) Fin nostalgisk og naivistisk julepynt blant
anna.
Eller : Kom innom på søndag !!!!
02.desember 2008
Hei hå no er det jul igjen, og her på Evanger
er det klart for julemarked fyrstkomande søndag, den 7.desember !
Her blir skomakergatestemning som tidlegare år og butikken vår er sjølvsagt
open.
Julegrana blir kveikt klokka 16. Ellers skjer her mykje heile dagen frå kl
12 - 18
Du er hjarteleg velkomen :)
21.august 2008
Me har bestemt oss for ein snartur til Oslo på
gave-og interiørmesse. Butikken blir difor stengt på fredag.
Me gledar oss til å sjå på haustens trendar, bli inspirerte og til å
bestille nye spennande varer. Reknar med å få med oss litt brukte ting også
på vegen, så håpar me får til nye bilder på nettbutikken over helga.
16.juli 2008
Då var sommaren her for fullt, og me har funne
ut at me stenger butikken to veker no i juli.
Difor blir det feriestengt i veke 30 og 31 ( 24.juli-t.o.m 1.august )
Etter ferien er planen å legga ut nye bilder på nettbutikken.
Ynskjer alle saman ein herleg sommar !!!
!6.juni 2008
Då var årets Evangerlørdag vel overstått. Også
i år ein flott dag med mykje "liv" i gato.
Me solgte bra og er veldig fornøgde :)
No håpar me på godt besøk på butikken framover. Har ikkje heilt oversikt
over ferieplanar her endå,
så det kan difor vera lurt å kikka innom sida vår om du skal forbi og lurar
på om me har ope. Men me
prøver stort sett på å vera der torsdagar og fredagar. Velkomen skal du vera
!
Litt reklame for neste store "happening" på Evanger. Den 30.august-08 vert det
for fyrste gong skipa
til Balkanfest-Evanger.
Rett og slett noko ein ikkje kan gå glipp av
;) Me gledar oss !
13.mai 2008
Me har endelig fått etterlengta varer frå
House Doctor. SÅÅÅ mykje fint ! Bilder blir snart lagt ut på nettbutikken.
Ellers får du ta turen innom til oss, då blir me veldig glade :)
07.mars 2008
Me lever litt på gamle minner... og idag har
eg endeleg somla meg til å legge ut reportasjen som var om oss i bladet Lev
Landlig frå oktober-06 ( ikkje såå lenge sidan... )
Me syns den var kjempefin, og for deg som ikkje har bladet, kan du sjå
artikkelen her.
26.februar 2008
Hurra ! Det har tatt si tid å få lagt ut litt
nye bilder og ordna opp med gamle julebilder på nettbutikken, men no er det
gjort. Ellers har me hatt bra besøk på butikken etter at me opna igjen. Me
syns det er veldig kjekt at folk har oppdaga oss på vesle Evanger. Velkomen
innom du og !
12.februar 2008
Då er me endeleg klare for opning av
butikken att. Sola er komen til Evanger, og fredag 15.februar kan du ta
turen innom butikken vår. Me har opningstider som før, torsdagar og fredagar
frå kl. 12-17
Velkomen skal du vera !!!
21.desember 2007
Då har me siste opningsdag før jul idag.
Opnar butikken att i februar ! Me ynskjer alle våre kundar og
nettsidelesarar ei god jul og eit godt nyttår !
14.desember 2007
Julemarknaden er vel overstått, ein
koselig dag og fin julestemning ! Sjå fine bilder frå butikken vår på
www.vossnow.net ( jolemarknad Evanger
9.des-07 )
Me har ope heilt fram til jul ( torsdag og fredag ), så du er velkomen
innom.
10. november 2007
Endelig er det lagt ut nye bilder på
nettbutikken ! Tok mange dårlige bilder denne gongen, så mange varer er
ikkje lagt ut endå. Satsar på fleire bilder ganske snart...
Ellers nærmar det seg jul, og det er jo alltid like kjekt ! Me har fått inn
mange varer som egnar seg fint til presang, så det er berre å bestille i god
tid !
24. august 2007
Jøss for eit haustvêr !! Håpar på litt meir
opphold på lørdag førstkomande, då skal me nemlig ha stand på torget på Voss
i anledning det årlege Smalahovesleppet. Me har vore med ein gong tidlegare,
og det er kjekt å kunne vise fram ting frå butikken vår på ein litt anna
måte. Så ta gjerne turen innom standen vår !
Ellers ventar me på nye varer, kanskje denne veka... ?
19. august 2007
Sommaren er definitivt over, men me har fått
lagt ut nye bilder på nettbutikken, så det er jo bra !
Hausten er fin med mørke kveldar, tente lys og
masse inspirasjon frå gode interiørblad...
God haust !
26.juli 2007
Det er så mange som kjem innom oss og savnar
kafèen på hjørna, Rongahuset kunstkafè, som diverre er stengt. Me fann ut at
dette må gjerast noko med. Difor kan du no nyta deilig heimebakt kake og
kaffi, te eller saft i vår koselige butikk ! Hugs, me har ope
torsdagar og fredagar. Velkomen !
05.juli 2007
Då har me bestemt oss for å ta ferie i veke
29, dvs. 19. og 20. juli ! Både butikk og nettbutikk vert stengt.
Opningstider ellers i sommar er som vanleg.
22.juni 2007
Tjohei, då var bildene lagt ut på
nettbutikken. Mange fine sjarmerande ting. Me satsar på å ha ope torsdagar
og fredagar gjennom sommaren, men om me skulle finna på å stenga ein dag,
vil det stå på nettsida vår. Ynskjer alle ein varm og herlig sommar !
17.juni 2007
Årets Evangerlørdag er unnagjort,
nydelig sol og masse folk. Akkurat sånn det skal vera ! Me har også fått inn
ein del gamle ting som snart dukkar opp på nettbutikken.
04.juni 2007
Det nærmar seg Evangerlørdag den
16. juni. Me skal ha ope på butikken og ellers vert det mange salsboder,
aktivitetar, kafè, underholdning og loppemarknad omkring Gato på Evanger.
Vel verdt eit besøk !
16.mai 2007
Butikken vert stengt fredag 18.mai
fordi butikklokalet skal nyttast til privat konfirmasjon. Finare lokale å
halda til i skal ein leite lenge etter, om me skal få skryte litt av oss
sjølve....hi hi.
Me ynskjer alle ein fin 17.mai og god helg !
07.mai 2007
Finaveret har gått over i regn og
kaldt og dataen lokkar. Me har fått ein god del nye varer på butikken, både
gammalt og nytt ( har endelig fått tid til litt "loppis" !! ) Det meste er
lagt ut i butikken, så det er berre å koma innom. Me har framleis ope
torsdagar og fredagar ! Skal prøva å legga ut nye bilder på nettbutikken dei
nærmaste dagar.
30.mars 2007
Nye bilder er lagt ut og me har
fått god respons på varene våre. Det er kjempekjekt !
Idag er siste opningsdag på butikken før påske, neste torsdag og fredag er
stengt. Me ynskjer alle saman ei riktig god påske og håpar at det gode vèret
held seg framover !
13.mars 2007
Fått mange nye spennande varer frå
nye leverandører, Ib Laursen og Image ! Her er litt for både store og små.
Alt er lagt ut i butikken, og noko av det dukkar snart opp på nettbutikken.
Tjohoi !!
19.februar 2007
Me har fått første levering frå
Lisbeth Dahl i tillegg til litt nye gamle ting og heimelaga ting. Noko av
det er snart å finna på nettbutikken, ellers er du velkomen innom butikken
vår torsdagar og fredagar !
29.januar 2007
Godt nyttår alle saman !
Årets gave-og interiørmesse er unnagjort, og me har bestilt masse nytt fint
til butikken. Gledar oss til levering !
Me opnar butikken på torsdag 1.februar. Velkomen innom !
Nye bilder på nettbutikken er på veg.
18.desember 2006
Årets siste opningsdag vert på
torsdag 21.des. Nettbutikken stenger til over nyttår.
Me ynskjer alle vår kundar og nettsidelesarar ei herleg jul og velkomen att
i det nye året !
11.desember 2006
Då var årets julemarknad vel overstått.
Takk til alle som våga seg ut i regnet og kom innom på butikken vår. Ein
kjempebra dag og mange folk ! Me hadde laga til ein koselig kafèkrok, sidan
Rongahuset kafè dessverre var stengt. Dette fungerte fint, og heilt sikkert
noko me vil gjera fleire gonger. Me kjem til å ha ope på butikken iallfall
denne veka også, så det er framleis tid til litt innkjøp for dei som ikkje
er ferdige....
06.november 2006
Det nærmar seg jul og me er godt
igang med laging av ting. Blir snart lagt ut på nettbutikken. Ellers er
datoen for årets julemarknad søndag den 10.desember. Då reknar me med
skikkelig skomakergate-stemning i Gato på Evanger ! Absolutt å anbefala midt
i jule førebuingane.
11.oktober 2006
Lev landlig er kome ut og me er veldig fornøgd
med reportasjen. Tusen takk for all ros både i gjesteboka og ellers ! Me er
ikkje data ekspertar og prøver smått om senn å læra oss oppdateringar av
både nettside og nettbutikk, så om de må venta litt på nye bilder og
diverse, håpar me de vil forsetta å besøke sidene våre. Me vil kun bli betre
!
Me har fått inn nye varer frå Ad Hoc og Lisbeth Dahl + ein del gamle ting,
dei vil snart vere klare for nettbutikken
27. september 2006
Me har vore på kurs og lært oss å
modellere på byste, så no skal me prøva å bli meir kreative med gamle
klede... me får sjå kva som dukkar opp ! Ellers har me redusert
opningstidene våre no i vinterhalvåret, har kun ope torsdag og fredag. Men
ring oss gjerne, så opnar me om det passar seg slik !
07. september 2006
Idag har me hatt besøk av ei som fotograferar
for interiørbladet Lev landlig. Det vart også bilder frå eigne heimar... så
det blir spennande å sjå korleis reportasjen blir. Det kjem antakeleg i
oktober-nummeret. Følg med !
25. august
2006
No har me bestilt inn masse nye varer frå
Lisbeth Dahl og Ad Hoc, som me lyt venta på utover hausten... Me har hatt ei
inspirerande helg i Oslo og har blant anna fått mange idèar på ting å laga,
så no skal nok kretiviteten bobla !
22. august
2006
Endelig er det kome nye bilde på nettbutikken,
so no er det berre inn og kikke og kjøpe...
Me er ellers klare for årets største inspirasjonskjelde; Gave-og
interiørmessa på Lillestrøm ! Lurar på ka me skal bestilla denne gongen...?
Det får de sjå i butikken utover hausten.
Må dessverre holda stengt torsdag 24.august.
17. juli
2006
Mykje folk innom butikken for tida og
bra salg. Det er bra ! Me må bestille meir nye varer og helst skulle me vore
på eit loppemarked eller to....
Nye bilder på nettbutikken lar venta på seg, skal prøva å bli litt bedre på
det området.
Nyt sommaren !
01. juli
2006
Har henta ein del gamle ting frå
eit hus som skulle ryddast. Mykje av det me eigentleg er interessert i var
allerede kasta i tidligare containerar... Det er ikkje første gongen ! Me er
som regel mest interessert i det som kun er skrot for mange andre, f.eks
skeive møblar med avskalla maling, sinkbøtter med hol i, falma gammalt stoff
og mønstra vattdyner for å nemna noko ! Skrotnissar som me er... Men litt
nytt til butikken vart det no... jippi !
22. juni 2006
Rongahuset kafè begynnar med samme opningstider som
oss, det blir bra ! Alltid kjekt å kombinera ein butikktur med eit kafèbesøk.
Sjå innom nettsidene deira;
www.rongahuset.no
11. juni 2006
Evangerlørdag med masse folk og god stemning. Rekord i
salg for oss, så det var vel verdt ein fest med konsert og dans på
Rongahuset kafè etterpå.
09. juni 2006
Me fekk nye varer frå Lisbeth Dahl, bl.a tå-ringar !
Kjempefine ! Og mange fine toppar....
|